Om ein draum som blei sann

Dette er forteljinga om korleis eg kom i den situasjonen at eg fredag 25. april skal varma opp for mitt største musikalske førebilete.

Kelly Joe Phelps

Kelly Joe Phelps

Det er trettan år sidan no, men eg ser det for meg som var det i går: Eg er åleine i bilen. Snøfri seinvinter. Vegen som buktar seg over mjuke åsryggar. Ettermiddagssola inn gjennom frontruta. Og febrilsk romstering blant rotet i passasjersetet for å finna ein blyant og ein papirbit der eg kan skriva ned dette namnet som blir sagt på radioen, som eg aldri før har høyrt, men som skal koma til å bli så viktig for meg i åra som kjem. Eg har ofte sendt varme tankar til den musikkprodusenten i NRK som fekk det for seg at nett då, nett denne dagen, på denne tida då eg var ute og køyrte frå bokhandel til bokhandel i Østfold for å få dei til å ta inn bøker frå forlaget eg jobba for, på tvers av alle reglar og påbod om formatering av sendeflater og all ideologi om å gje lyttarane det dei vil ha, spelte ei låt av Kelly Joe Phelps.

For meg blei det ei skjebnestund, ein vegkryss i tilværet. Etter mange år som frustrert gitarist med avsmak for det som kom ut av instrumentet når eg tok det opp, var det å høyra Kelly Joe Phelps spela country blues som å koma heim. Eg forsto ikkje kva han gjorde for å få det til å låta som det gjorde. Eg skjøna ikkje gitarteknikken. Eg kjente ikkje tradisjonen. Eg hadde aldri før høyrt noko som likna. Men eg visste at det var dette eg skulle gjera.

Blind Willie Johnson

Blind Willie Johnson (1897-1945)

Eg fekk tak i den då nyaste plata hans Shine Eyed Mister Zen (1999). Eg lytta, plukka og las. Eg byrja å høyra på gamle skrapete opptak av bluespionerar som Skip James og Blind Willie Johnson. Eg kjøpte resten av platene til Phelps. Og eg oppdaga at denne musikken sitt grove stoff var vevd av trådar med melankoli, desperasjon, håp, begjær, sorg, trøyst, lengt og tru.

Eg samla mine eigne musikalske trådar i den første plata mi Sjela til ein mann (2008), der eg kombinerte låtar og musikalsk påverknad frå Phelps og andre country blues-heltar med salmane eg vaks opp med. Og eg kjente at det var noko rett i dette; å blanda salmar og blues. Det var noko som harmonerte. Ein klang som var i slekt med den som låg under i alt det eg hadde høyrt av Kelly Joe Phelps, men som eg ikkje kunne formulera. Det skulle endå gå år før eg fekk forklaring på kva dette var.

martha07

Martha Scanlan

Ein ny milepæl kom då eg såg at amerikanaren Phelps skulle koma til Stockholm for å spela to konsertar på ein liten klubb der saman med countryartisten Martha Scanlan. Eg fiksa meg fri frå jobben og bestilte flybillettar, hotell og billettar til begge kveldane. Dette skulle eg ikkje gå glipp av for alt i verda! Så, fire timar før flyet skulle gå, fann eg ut på nettet at Kelly Joe ikkje kom likevel. Eg var fortvila. Vurderte å droppa heile turen, men endte med å reisa og fekk to flotte konsertar og ein god prat med Martha Scanlan. Det siste ho sa var “I’ll give Kelly your very best.” Eg veit ikkje om ho gjorde det. Mistenker at det kan ha vore nokre personleg mellom dei to som gjorde at han ikkje kom.

Eit par år gjekk, og sjansen baud seg att då Kelly Joe Phelps skulle koma til Oslo og spela, denne gongen saman med Corinne West. Eg lytta til soloplata hennar og til duoplata ho etter kvart gav ut saman med Phelps, utan å bli overvettes begeistra for nokre av dei. Men på konsert måtte eg. Og denne gongen gjekk det bra. Saman med ein 10-15 andre personar (ei av dei kona mi) fekk eg denne gongen oppleva Phelps live, men med ein musikk som låg langt frå den som trefte meg i magen den gongen i bilen i Østfold. Eg snakka også ein del med Phelps den kvelden. Han var mild og imøtekomande. Men eg var nok litt utanfor meg sjølv og enda opp med å gje han eit plekter som eg anbefalte fordi det kunne få plekterspelet hans (som han gjorde saman med Corinne West, og som eg ikkje syntes låt så bra) til å låta feitare … Jaudå.

Like etter fekk eg eit veldig fint forhold til eigarane på klubben Buckleys i Oslo, etter ein showcase eg gjorde der i regi av Østkanten Bluesklubb, og som fall i god jord. Dei ville ha meg attende, gjerne som oppvarming for eit internasjonalt bluesnamn, sa dei. Så, i fjor vår, såg eg at Kelly Joe Phelps skulle spela der. Eg kasta meg på mailen og spurte bookingasvarleg om det kanskje var sjanse for ein liten oppvarmingsjobb? Han visste om min forkjærlighet for Phelps, og sa at han allereie hadde tenkt på det same. Avtelen gjekk i boks og eg var i den sjuande himmelen. Samtidig tenkte eg at når dette skulle skje så kunne tidspunktet passa betre. Eg var nemleg midt i lanseringa av den siste plata mi Råoljekjærleik (2013), som musikalsk låg meir i eit folk og vise-land, og nokså langt frå country bluesen. Eg hadde aldri komt inn i den musikalske landskapen heller, hadde det ikkje vore for at eg blei omvendt av Kelly Joe til fingerspel på akustisk gitar. Eg fann vegen inn i britisk og irsk folk via dei mange musikarane som driv med både dette og amerikansk musikk som country og blues, men eg kjente meg altså litt ute av den meir reine bluesen akkurat då, så det kunne passa betre. Det skulle visa seg å ikkje bli noko problem sidan meldinga etterkvart kom om at Kelly Joe var blitt sjuk i hendene og måtte avlysa alle spelejobbar minst eit halvår framover.

Plata Kelly Joe turnerte med då, og som han framleis turnerer med, er Brother Sinner and the Whale (2012). Då han kom med denne plata skjøna eg straks meir av kva resonansen eg alltid hadde kjent i møte med musikken hans kom av. For dette er ei djupt andeleg plate med låtar Phelps fann fram til etter å ha gått gjennom ei personleg krise der han tok eit oppgjer med livet sitt som det var og var blitt. Her er det titlar som ‘Talking to Jehovah’, ‘I’ve been Converted’ and ‘The Holy Spirit Flood’. Han forklarar det slik sjølv i eit intervju:

I’d arrived at a place where I was sinking. I had to do something or my head was going to blow up or my heart would stop. When I found a way to allow myself to open up to creative impulse, this is what was staring me in the face and I did not want to say no to anything.” For those who have followed Kelly Joe’s music, this change isn’t too surprising as it represents a natural growth from the rural routes his music has tread until now. “This is going to be referred to as a gospel record, I suppose. The music is presented in an ancient form, but it’ll sound contemporary because of the way I play and write. But, thematically, I’m basing my compositional approach on old styles like the old blues and folk guys played.”

Så der har du det. Eg trur det er så enkelt som det. Resonansen eg alltid har kjent i møte med Kelly Joe Phelps sin musikk handla om at han, uansett kva songen handla om, djupast sett har ropt på Gud. Det er vel det eg og gjer.

Ja, for å avslutta og koma til poenget: Hendene hans blei hela. Fredag 25. april kjem han til Buckleys Roots & Blues Joint i Oslo for å spela konsert. Og eg skal varma opp for han. Ei utruleg ære. Eg kjenner meg audmjuk og glad. Om ikkje anna så håper eg at eg kan lokka eit par folk til å koma og oppleva Kelly Joe Phelps. For bare så det er sagt: Dette er musikk så bra som musikk kan bli. Uavhengig av kva du trur på og kva du elles høyrer på, så vil du lika dette, så sant du lyttar med eit ope hjarta.