Konsert på Staubø Kultursenter

staubo_2010

Staubø kultursenter

Eg var så heldig å få spela på Staubø Kultursenter i fjor, garantert ein av landets mest idylliske scener. Laurdag 5. juli skal eg attende. Eg gler meg til å sjå båtane tøffa forbi, oppdaga nye rare og fine ting i galleriet eller bruktsjappa til Eldrup Hansen. Ta ein velsmakande matbit, og kanskje høyra innehavaren lesa eit av dikta sine før kvelden er omme. Men mest av alt gler eg meg til å synga og spela for dei som måtte koma!