Dobbeltkonsert med Trygve Skaug!

Eg skriv nye låtar, spelar her og der, og er i ferd med å få på beina eit band med nokre av dei flinkaste folka eg veit om i heile telemak, for å nemna noko. og Neste større hæppening blir dobbeltkonsert med Trygve Skaug i Porsgrunn 4. juni.

Det blir dobbeltkonsert med Arne Olav Hageberg og Trygve Skaug (bildet) i Porsgrunn 4. juni.

Det blir dobbeltkonsert saman med Trygve Skaug (bildet) i Porsgrunn 4. juni.

Grunnen til  at det har vore smått med oppdateringar her på heimesida i det sisteer først og fremst at eg er i ein leite-etter-meg-sjølv-fase, meir enn ein vise-fram-det-eg-for-tida-påstår-er-meg-sjølv-fase. Og då er det ofte ikkje så mykje konkret å rapportera.

Eg har på ingen måte mista piffen.  Eg skriv jamt musikk og tekstar. Eg spelar rett som det er for folk, og 4. juni legg eg opp til stor stemning på Pohlmanns Matbar i Skien saman med den fabelaktige Trygve Skaug. Meir info kjem snart!