Biografi

Eg er gitarist, songar og låtskrivar med base i Skien og røter i Hordaland. Speler mest akkustiske gitarar og lap-steel resonatorgitar, men likar å utforska alt med strengar og stemmeskruer. Blues, folk, viser, country og amerikana er alle ord som passar på det eg held på med.

Dobro Hound Dog Square neck. Ein sånn ein speler eg på rett som det er.

Vinteren 2009 gav eg ut CD-en Sjela til ein mann. Produksjonen var enkel – ein mann og ein gitar. Innhaldet var gamle blueslåtar og salmar, alle på norsk, og fleire av dei i eigne omsettingar. No held eg på med neste plate, denne gongen med eigenskrive materiale.

Gitaren og songen var lenge ein fin hobby og ornitologien den store kjærleiken. Men i tenåra kom musikken inn for fullt, mykje takka vere ein ven som introduserte meg for progrock, jazz og tungrock — helst frå tidleg 1970-tal. Første ordentlege bandet mitt vaks ut av Ten Sing-orkesteret. Då var det jazz-rock og fusion som gjorde meg glad. Sidan blei det både funk, grunge, pop, bossa, jazz, blues, storband, gospel og viser.

1990 - gitartrio med skinnslips

Gitartrio på Framnes Folkehøgskule i 1989. Frå venstre: Audun Galtung, Arne Olav L. Hageberg og John Inge Rolfsnes.

Joni Mitchell inspirert meg til å byrja å utforska opne stemmingar på gitaren (det betyr at ein stemmer gitaren så den kling med ein annan akkord enn vanleg når ingen strengar er trykte ned). Så, ein gong rundt 2004, oppdaga eg den akustiske bluesen. Gamle travarar som Blind Willie Johnson, Skip James, Dock Boggs og Robert Johnson hjelpte meg, saman med Kelly Joe Phelps (mest av alle), til å finna ein ny musikalske heim. Desse inspirasjonane resulterte i Sjela til ein mann.

Eg speler mest fingerpicking/alternating bass-stil. Målet er å gjera stålstrengsgitaren til eit lite orkester. Den bluesy lap steel-spelinga til Phelps (med gitaren flatt i

På Balkongen EP, Veranda Records 2004.

fanget og ein liten “stålbjelke” i venstre hand, som glir over strengane) har òg vore gøy å utforska. Seinare har eg nærma meg country og annan folk-musikk, og britiske (keltiske) førebilete som Dick Gaughan, Nick Jones, Martin Simpson og Phil Hare.

Eg har ei kone, fire ungar og bur i verdas rikaste land. Eg har tusen gode grunnar til å synga.

Ulike konstellasjonar

Eigne låtar, med eller utan band

Bilde frå konsert 9. april 2011

Frå venstre: Wetle Holte, Arne Olav L. Hageberg og Torkild Sannes Søby.

Dette er hovudgreia mi, og det som kostar mest sveitte og tårer. Eg skriv tekstar og melodiar og lagar gitarbaserte arrangement som eg framfører anten åleine eller saman med andre musikarar. Eg har for eksempel hatt med meg Wetle Holte (trommer), Magne Askeland (fiolin), Åsmund Reistad (bass) og Torkild Sannes Søby (bass). Alle tekstane er på norsk, og musikalsk inspirasjon hentar eg mest frå England, USA og Irland.

Akustisk blues åleine

Køntriblues på Buckleys.

Møtet med gitaristen og songaren Kelly Joe Phelps på radioen ein vanlig onsdag i april blei for meg eit musikalsk vendepunkt. Det viste meg vegen til gamle travarar som Skip James, Dock Boggs, Robert Johnson og Blind Willie Johnson m.fl. Eg spelar både coverlåtar av desse (nokre i originalversjon, andre med nye norske tekstar av meg) og eigne låtar som knyt seg til køntribluestradisjonen.

Irsk med Magne Askeland

Aldri kjenner eg kystbuaren i meg så sterkt som når eg speler denne musikken. Åleine eller saman med felespelaren Magne Askeland byr eg gjerne på perler frå den Irske balladetradisjonen i skjønn forening med tristglad dansemusikk – perfekt til puben, den neste internfesten på jobben, bursdagen eller bryllupsfeiringa.
Folkevisene frå dei britiske øyene er prega av dramatiske og romantiske historiar,
fantastiske melodiar og melankolske stemninger, perfekt både som bakgrunnsmusikk
og som lyttemateriale. Dansemusikken, i form av jigs, reels og set tunes,
har også ofte noko av den samme stemninga, men kobla med fengande rytmar
som får ei kvar forsamling i godstemning.

Arne Olav L. Hageberg & Trygve Skaug

Trygve Skaug. Foto: Thomas Roskifte

Trygve Skaug er låtskrivar, gitarist og songar som meg. Han er godt kjent som frontmann i bandet StMorritz, og skreiv jamvel den mest spelte låta på NRK P1 i 2010! Eg lagar tekstar på nynorsk, han på bokmål. Saman tilbyr vi ein duo-konsert der vi akkompagnerer kvarandre og hovedsakleg speler eigne songar. Til saman trakterer vi gitar, dobro, banjo, trekkspel, munnspel, song og trampefjøl.

Prosjektet inneheld tonar som rører og tekstar som skapar gjenkjenning og opnar for både lange og korte tankar om livet og trua, havet og kjærleiken.

 

In english

Arne Olav L. Hageberg is a norwegian singer, songwriter and guitarist. Plays the accoustic guitar and lap-steel resonator, but likes to explore everything with a neck, strings and tuners. Blues, folk, country and americana are some words that can describe what he’s doing musicaly.

Arne Olav L. Hageberg playing his Dobro. Foto: Harald Trulsrud

Arne Olav is an independent artist and has one release to date, self-released under ‘Oaba Records’ – Sjela til ein mann (2009) available on CD from online retailers, for download from iTunes and Amazon etc. It can allso be streamed via Spotify, Wimp or other streaming services.
His first solo record contains old blues og hymns, all with lyrics in norwegian. His next release is due in 2012, this time with his own songs in the folk and accoustic blues tradition.
Arne Olav is mostly playing in a fingerpicking/alternating bass-style.

This menu should help you find your way around the pages. And if you want a good laugh you can use Google translate or another automatic translation tool on the posts to see what they (don’t) mean.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>