Tekstar

Om eg skreiv på heile himlen

Om eg skreiv på heile himlen, frå aust til vest, frå nord til sør –
ja om orda blei så mange at dei dekte som eit slør
Eg kunne ikkje fanga inn i ord og poesi
alle tankar som slo rot den gongen du blei mi

Om eg var eit tre mot himlen så alle måtte sjå
at ein meir harmonisk mann kunne ingen få
Dei ville ikkje sjå kor djupe røter eg har sett
Om eg kan møta storm og likevel stå rett

For djupe røter kan òg rivast opp
Da tar bare lengre og gjer meire vondt

Om eg møtte tusen stormar, frå sør og nord, frå vest og aust –
om dei reiv av blad og greiner og ribba meg mot haust
Det ville ikkje røra meg så heise og så hardt
som det gjer å tenka på deg og meg i natt

© Arne Olav L. Hageberg, 2013 | all rights reserved

Råoljekjærleik

Min kjærleik brenn ikkje som pellets
Min attrå e uraffinert
Mi lengt både smaka og lukta
og set heila vår framtid på spel
Bryr meg katten om dei som tar øve
Brenn fossila så lenge da e
Da e råoljekjærleik da her
Da e råoljekjærleik da her

Eg skyt seismiske salva i havet
Skremme fisken til kysten ligg brakk
Søke ekko frå holrom i grunnen
Treng at pulsen får oljebrønnsvar
Eg skal bora så djupt som eg må for
å nå botn i ditt reservoar
Da e råoljekjærleik da her
Da e råoljekjærleik da her

Eg brenn opp med ureine flamma
energi som nok aldri kjem att
Eg vil utarma alle ressursa,
og lar fakkelen buldra i natt
Eg lar oljesøl flyta på havet
så da roa seg rundt deg og meg
Da e råoljekjærleik da her
Da e råoljekjærleik da her
Da e råoljekjærleik da her
Da e råoljekjærleik da her

© Arne Olav L. Hageberg, 2013 | all rights reserved

Firogtjue kalde

Firogtjue kalde, tenne dagens føste røyk
Bevernylonjakko står for ein støyt
Bussen vi’kje starta, men han gir ikkje opp
Veit at han må køyra ruto uten stopp
Heila, heila ruto uten stopp

Visste ikkje livet skulle bli ein vinterdans
Fostra opp på varme der i landet som var hans
Han måtte koma seg av garde fort før ungane og kåno svalt,
eller før dei drukna heilt i vald
Koma seg av garde vekk frå alt

No må han tåla da å vera kald, tåla snø og is,
tåla at til mor e da sekshondrogsøtti mil
Sånn e livet, sånn e tio, sånn er lagnaden for han
Han blei skylt i land frå havet på ei mørk og iskald strand
Heila, heila ruto køyre han

Eg sit og fantasera om koss da kanskje va’
Men mest av alt så prøve eg å fortrenga da i sta’
då eg hadde glømt billetten og han lagde masse bråk
Han forlangte full betaling for å køyra to-tre stopp
Krevde full betaling, full billett for bare to-tre stopp

No må eg tåla at han e så kald, tåla snø og is,
tåla at han sitte der og køyre som ein gris
Sånn e livet, sånn e tio, sånn e lagnaden i dag
Men at da lukta røyk på bussen, da e slettes ikkje bra
Tenk på dei med astma, eller dei så fort blir kvalme

Han får bare tåla det å vera kald, tåla snø og is,
tåla at til moro e da hondravis av mil
Sånn e livet, sånn e tio, sånn e lagnaden for han
Han blei skylt i land frå havet på ei mørk og iskald strand
Her går eg av bussen
Endelig av bussen
Her går eg av bussen,
vekk frå han

© Arne Olav L. Hageberg, 2013 | all rights reserved

 

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>