«Viser fra den virkelige verden», konkluderer platemeldaren i GD

dice-4-md

«Arne Olav Hageberg skriver skikkelig tekster og komponerer fine melodier. Det ligger stødig håndverk bak albumet «Råoljekjærleik».

Nå har han lagt inn mer enn gitar [og] egen vokalstemme i arrangementene. Klaver, trekkspill, fele og bratsj gir pondus, men overskygger aldri sangen og tekstene. Det er bra, for det er ikke klisjéfylt rør han kommer med … Dette er viser fra den virkelige verden.»

Les heile meldinga
Sjå fleire medieklypp

Terningkast 5 i Varden!

Frå Varden si melding av plata Råoljekjærleik 10. september 2013: Print“Musikken kommer mot deg i bølger, både de lange dragene og de litt spisse kantene. Du vil oppdage at albumet faktisk handler mye om hav. Har du sansen for viser så vil du ha sansen for dette. Jeg har definitivt sans for «På eit sekund», et herlig kyss av en sang.”

Les heile meldinga her

Plateslepp!

Raoljekjarleik_coverNo på fredag, 23. august, skjer det faktisk heilt på ordentleg. Råoljekjærleik skal ut til folket.

Hendinga blir i første rekke markert med sleppkonsert i Bergen, på Apollon fredag klokka 19:00. Deretter blir det speling under kystsogedagane i Meland, søndag klokka 19:00 på Galleri Rustica på Frekhaug. Sidan går det slag i slag, Stavanger, Bryne, Porsgrunn, Trondheim …

Eg kryssar fingrar og håpar på opne armar, mykje merksemd, god omtale og entusiasme i det breie lag av folket. Eller så blir det kanskje total skam og gløymsle. Sanninga ligg truleg mellom der ein stad, eventuelt i anerkjenning frå eit smalt men veldig kresent lag av folket, som til forveksling liknar meg sjølv …

Eg tel ned og gler meg uansett.

 

Låta “Råoljekjærleik” ute som andre singel

iTunes    |   Wimp   |     Spotify   |   eMusic

Det byrja med ei Twittermelding frå Erlend Loe. Han hadde installert pelletsovn og fyllt kjellaren med 2, 96 tonn pellets.

Cover_Hageberg_Singel_Raoljekjarleik02

Kanskje buldra ein stor amerikansk bensinslukar forbi i det eg las forfattaren si smått besteborgarlege statusoppdatering, eller kanskje var det bare hjernen min som buldra. Det slo meg i alle fall: Kva ville eg samanlikna kjærleiken med? Ein stille og rein pelletsflamme, eller ein brølande råoljeoljebrann, som på TV-bileta frå Kuwait under Gulf-krigen? Svaret gav seg sjølv, og dei første linjene av songteksten var fanga på papiret: «Min kjærleik brenn ikkje som pellets, min attrå er uraffinert.»

«Råoljekjærleik» er ein kjærleikssong til nordsjøolja, eller ein oljesong til kjærleiken – og den er no tilgjengeleg alle stadar der du strømmar eller lastar ned musikk.

Teksten kan du lesa her.

iTunes    |   Wimp   |     Spotify   |   eMusic

Blues på Backyard i Oslo

BackyardEg har ikkje fått spelt så masse blues i det siste. Har gått meir i viser og sånt. Forklaringa er enkel: Då eg skulle velja ut låtar til den neste plata mi oppdaga eg at eg sat med like mange blueslåtar som meir folk/vise-prega låtar, som eg hadde lyst til å spela inn. Det blei dobbelt så mange songar som eg trengte. Løysinga blei å skjæra gjennom og reindyrka det vise- og folkprega på den komande plata. Men det betyr ikkje at eg har gløymt bluesen. Eg skriv stadig låtar som passar best i den sekken, og eg har altså nokre spelejobbar med sånt. Så for dei som likar denne musikken best (eller like godt) er det bare å ta turen til Kværnerbyen i Oslo 6. juni.

Staden heiter Backyard og har visst nok eit veldig bra kjøkken. Kokken Tony Sweet kjem frå Canada/USA og lagar heimelaga mat tufta på det tradisjonelle cajunske og creolske kjøkenet – og pizza New York-style. Sørstatsblues og cajun-mat … hmm, trur det kan funka.